Om Vasslaget
Formål
Vasslaget sitt formål er å sørge for ei vassforsyningsteneste til andelseigarane som til eikvar tid tilfredsstiller gjeldande krav til drikkevatn.Spørsmål om bruk av vatnet til anna enn drikkevatn og i samband med tradisjonell stadbunden næring vert å leggje fram for styret som gjer vedtak i saka og fastset vilkår og avgift.Vasslaget sitt forsyningsområde er eit naturleg avgrensa område av Velledalen. Dekningsområdet kan seinare verte utvida til brukarar der trykkforholda gjer det muleg. Vasslaget bygg ut og/eller held i stand vasstilsigområde, vasskjelde, vassbehandlingsanlegg og hovudleidningar for transportsystem av vatnet og sørgjer for driftsrutinar og kontroll.
Vasslaget
kan i tillegg selje vatn til andre enn eigne andels-eigarar, f.eks.
til andre vassverk eller sløkkjevatn ved brann.Vasslaget
vert drive etter eit non-profit prinsipp med allmennyttig formål som
basis. Avkastning frå verksemda blir ståande i
vasslaget.
Forsyningsområde
Vasslaget forsyner abonnentar på strekninga frå Hole til Drabløs i Velldalen.
Leidningsnett for distribusjon
Hovud-vassleidningane er kartfesta med digitale posisjonar. Link til kartmateriale som viser trasear vil etter kvart bli tilgjengeleg
Andelseigarar / Abonnentar
Talet på andelseigarar er ca. 125 og nokre av desse har tilleggsabonnement, for eksempel for husvære nr. 2 på eigedomen. Dei fleste av abonnentane er foretaket sine andelseigarar. Ny tilknyting føreset at den som knyter seg til anten sjølv er andelseigar eller at eigar av matrikkeleininga er det. Ny andelseigar må betale innpåkjøp i form av ei tilknytingsavgift. Talet på abonnentar hjå same andelseigar er førebels uavgrensa. Det er berre andelseigaren som formelt har rettar og plikter i høve til vasslaget.
Prisar
Den prisen ein må betale for å bli andelshavar og dermed få rett til å knyte seg til vassforsyninga består av ei eingongs tilknytingsavgift, p.t. kr. 6.000. Når det er fleire husvære andelshavaren sin eigedom, dvs. matrikkeleining, kan det mot eit ekstra forbruksgebyr leverast vatn til ein fleire abonnentar. Årleg forbruksgebyr / vassavgift kan bli justert frå år til år. For å redusere lånegjelden gjer andelshavar innskot i form av årleg kostnadsbidrag.